OPS4301 Sjøoperativ fordypning

Emnekode: 
OPS4301
Kursnavn på engelsk: 
Specialisation in Seapower and Naval Operations
Studieprogram: 
Master i militære studier
Credits: 
7,5
Studienivå: 
Syklus 2
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk, evt. Engelsk
Emneansvarlig: 
Tor Ivar Strømmen
Om emnet

Emnet Sjøoperativ fordjuping har til føremål å sikre auka kunnskapsnivå og forståing for relevant sjømaktsteori, kva sjøstridskrefter er og kva dei bidrar med i ein fellesoperasjon, både nasjonalt og i ein alliansekontekst. Modulen skal gi studenten ei djup og kritisk forståing for korleis sjømakta bidrar til og skaper effektar i ein fellesoperasjon, og kva moglegheiter og avgrensingar sjømakta har i eksplisitt og implisitt samverke med styrker frå andre forsvarsgreiner, statar og sivile aktørar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne kan studenten:

  • greie ut om sjøkomponenten sine bidrag til og avhengigheit av fellesoperasjonar.
  • greie ut om allierte forsterkingar til Noreg og nasjonale bidrag.
  • greie ut om russisk A2/AD og Bastionforsvaret.
  • greie ut om maritime utfordringar relatert til Svalbard og Svalbardsonen.
  • drøfte nasjonale maritime operasjonar vs. maritime operasjonar under NATO-leiing.
  • greie ut om sjømakten sin karakteristikk.
  • diskutere kampevne (kapabilitet), einskild og komplementært, avgrensingar og moglegheiter.
  • greie ut om maritime operasjonar i kystsona.
  • drøfte K2-utfordringar nasjonalt og i NATO-operasjonar.
  • greie ut om vernebuing og nasjonal krisehandtering.

Ferdigheitar

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere sjømaktsteori, operasjonskonsept og gjeldande doktrinar innanfor maritime operasjonar, og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing og dimed vere ein relevant aktør i den operative planprosessen.

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • reflektere over sjømakta si rolle i eit heilskapleg nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
  • greie ut om sjømakta sine ulike roller i fred, krise og krig.
Praktisk organisering og arbeidsformer

Emnet vil bli undervist dels i form av klassiske førelesingar, men primært gjennom casestudiar, gruppeoppgåver og sjølvstudiar. Studentane skal skrive eit essay i løpet av kurset. Delkapitler skal leggast fram for lærararar og medstudentar to gangar for evaluering og tilbakemelding. Kurset blir avslutta med eit operasjonelt spel ved hjelp av mjukvaren NEPTUNE kor ein får synleggjort og utforska krigsrollene til Sjøforsvaret i eit fellesoperativt perspektiv.

Sensorordning

Sensur gjennomførast i samsvar med forskrift om opptak, studiar og eksamen ved Forsvarets høgskule.

Evaluering og kvalitetssikring

Læringsevaluering gjennom eit essay. Studentane kan velje mellom tre ulike tema og har kursets fulle lengde på fullføre oppgåva. 

Pensum

Hovudlitteratur:

 

FDMO, s. 15-121, 149-154. (ligg digitalt på Brage og intranett, blir også delt ut i bokform).

Geoffrey Till (2004 utg.), Seapower, s.1-112 og s. 148-209 (i bokform (til lån))

Jerker Widén (2005), Militärteorins grunder, s. 211-240 (i digitalt kompendium)

Ken Booth (2014 utgåve), Navies and Foreign Policy (Routledge Revivals), s. 15-25. (i digitalt kompendium)

Milan Vego (2016): Maritime Strategy and Sea Control, s. 1-53. (i digitalt kompendium)

Wayne P. Hughes (2018), Fleet Tactics and Naval Operations, s. 9-34, 163-213, 228-247. (i bokform til lån)

Ina Holst-Pedersen Kvam (2020), Den russiske marinens evne til kystnær maktprojeksjon, ca. 20 sider (manuskript som blir publisert våren 2020).

Rolf Einar Fife (oppdatert 2014), Folkerettslige spørsmål i tilknytning til Svalbard, https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/folkerett/svalbard/id2350955/

 

Samla: ca. 497 sider, samt Fife sin artikkel på nett.

 

 

Støttelitteratur:

Jacob Børresen (2011), Torskekrig!, s. 31-88 og 219-266 (i digitalt kompendium)

Robert C. Rubel, Connecting the Dots: Capital Ships, the Littoral, Command of Seas, and World Order (digital kopi tilgjengeleg)

Robert C. Rubel, Command of the Sea: An Old Concept Resurfaces in a New Form (digital kopi tilgjengeleg)

Kristin ven Bruusgaard, Russian Strategic Deterrence, Survival (digital kopi tilgjengeleg)

Tor Ivar Strømmen, Ein strategi på leirføter, Necesse v2u2 (digitalt tilgjengeleg)

Ståle Ulriksen, Den russiske marinen – status og fornying, Necesse v2u2 (digitalt tilgjengeleg)

Tor Ivar Strømmen, Bulwark and balancing act: the strategic role of the Royal Norwegian Navy, i McCabe, Robert., Sanders, Deborah, & Speller, Ian (2019). Europe, Small Navies and Maritime Security: Balancing Traditional Roles and Emergent Threats in the 21st Century. London: Routledge

 

Støttelitteraturen er ikkje påkravd, men sterkt tilråd lesing. Den gir breiare forståing for hovudtemaa i kurset.

 

Obligatorisk arbeidskravAntall arbeidskravPåkrevde arbeidskravFremmøtepliktKommentar
Paper11Not requiredEn individuell paperinnlevering ila. emnets varighet som vurderes til godkjent/ikke godkjent, og må være godkjent for at studenten skal få innleveringsmappen vurdert.
Obligatoriske arbeidskrav:
Obligatorisk arbeidskrav:Paper
Antall arbeidskrav:1
Påkrevde arbeidskrav:1
Fremmøteplikt:Not required
Kommentar:En individuell paperinnlevering ila. emnets varighet som vurderes til godkjent/ikke godkjent, og må være godkjent for at studenten skal få innleveringsmappen vurdert.
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelJusterende muntligKommentarHjelpemidler
MappevurderingIndividuell26DagerA-F100 % Not requiredVurderingsformen i emnet inngår i en felles mappeinnlevering for emnene grenvis fordypning (OPS4201/OPS4301/OPS4401), FOPS 1 (OPS4101) og FOPS 2 (OPS4102). Innleveringsmappen for den enkelte student omfatter de emner denne skal gjennomføre i tråd med egen utdanningsplan. De enkelte arbeidskrav i de gjennomførte emner må være vurdert til godkjent for å få innleveringsmappen vurdert. Alle hjelpemidler tillatt.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappevurdering
Gruppering:Individuell
Varighet:26
Varighetstype:Dager
Karakterskala:A-F
Andel:100 %
Justerende muntlig:Not required
Kommentar:Vurderingsformen i emnet inngår i en felles mappeinnlevering for emnene grenvis fordypning (OPS4201/OPS4301/OPS4401), FOPS 1 (OPS4101) og FOPS 2 (OPS4102). Innleveringsmappen for den enkelte student omfatter de emner denne skal gjennomføre i tråd med egen utdanningsplan. De enkelte arbeidskrav i de gjennomførte emner må være vurdert til godkjent for å få innleveringsmappen vurdert.
Hjelpemidler: Alle hjelpemidler tillatt.
Forfattere: 
Tor Ivar Strømmen