OPS4301 Sjøoperativ fordypning

Emnekode: 
OPS4301
Kursnavn på engelsk: 
Specialisation in Naval Operations
Studieprogram: 
Master i militære studier, 1,5-årig studieprogram
Credits: 
7,5
Studienivå: 
Syklus 2
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Emneansvarlig: 
Tor Ivar Strømmen
Om emnet

Emnet Sjøoperativ fordjuping har til føremål å sikre auka kunnskapsnivå og forståing for relevant sjømaktsteori, kva sjøstridskrefter er og kva dei bidrar med i ein fellesoperasjon, både nasjonalt og i ein alliansekontekst. Modulen skal gi studenten ei djup og kritisk forståing for korleis sjømakta bidrar til og skaper effektar i ein fellesoperasjon, og kva moglegheiter og avgrensingar sjømakta har i eksplisitt og implisitt samverke med styrker frå andre forsvarsgreiner, statar og sivile aktørar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne kan studenten:

  • greie ut om sjøkomponenten sine bidrag til og avhengigheit av fellesoperasjonar.
  • greie ut om allierte forsterkingar til Noreg og nasjonale bidrag.
  • greie ut om russisk A2/AD og Bastionforsvaret.
  • drøfte nasjonale maritime operasjonar vs. maritime operasjonar under NATO-leiing.
  • greie ut om sjømakten sin karakteristikk.
  • diskutere kampevne (kapabilitet), einskild og komplementært, avgrensingar og moglegheiter.
  • greie ut om maritime operasjonar i kystsona.
  • drøfte K2-utfordringar nasjonalt og i NATO-operasjonar.
  • greie ut om vernebuing og nasjonal krisehandtering.

Ferdigheitar

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere sjømaktsteori, operasjonskonsept og gjeldande doktrinar innanfor maritime operasjonar, og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing og dimed vere ein relevant aktør i den operative planprosessen.

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • reflektere over sjømakta si rolle i eit heilskapleg nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
  • greie ut om sjømakta sine ulike roller i fred, krise og krig.
Praktisk organisering og arbeidsformer

Emnet vil bli undervist dels i form av klassiske førelesingar, men primært gjennom casestudiar, gruppeoppgåver og sjølvstudiar. Det skal leggast opptil individuelle og gruppe-framleggingar av delprodukt undervegs i emnet med tilbakemelding frå medstudentar og frå rettleiarar. Dertil skal det leggast opptil to spel på operasjonelt nivå kvar ein utforskar norsk sjømakt si rolle i eit fellesoperativt perspektiv.

Sensorordning

Sensur gjennomførast i samsvar med Føresegn for opptak, studiar og eksamen ved Forsvarets høgskule.

Pensum

Hovudlitteratur:

 

FDMO, s. 15-121, 149-154. (ligg digitalt på Brage og intranett, blir også delt ut i bokform).

Geoffrey Till (2004 utg.), Seapower, s.1-112 og s. 148-209 (i bokform (til lån))

Jerker Widén (2005), Militärteorins grunder, s. 211-240 (i digitalt kompendium)

Ken Booth (2014 utgåve), Navies and Foreign Policy (Routledge Revivals), s. 15-25. (i digitalt kompendium)

Milan Vego (2016): Maritime Strategy and Sea Control, s. 1-53. (i digitalt kompendium)

Wayne P. Hughes (2018), Fleet Tactics and Naval Operations, s. 9-34, 163-213, 228-247. (i bokform til lån)

 

Samla: 477 sider

 

 

Støttelitteratur:

Jacob Børresen (2011), Torskekrig!, s. 31-88 og 219-266 (i digitalt kompendium)

Robert C. Rubel, Connecting the Dots: Capital Ships, the Littoral, Command of Seas, and World Order (digital kopi tilgjengeleg)

Robert C. Rubel, Command of the Sea: An Old Concept Resurfaces in a New Form (digital kopi tilgjengeleg)

Kristin ven Bruusgaard, Russian Strategic Deterrence, Survival (digital kopi tilgjengeleg)

Tor Ivar Strømmen, Ein strategi på leirføter, Necesse v2u2 (digitalt tilgjengeleg)

Ståle Ulriksen, Den russiske marinen – status og fornying, Necesse v2u2 (digitalt tilgjengeleg)

 

Støttelitteraturen er ikkje påkravd, men sterkt tilråd lesing. Den gir nye og breiare forståing for tematikken.

Obligatorisk arbeidskravAntall arbeidskravPåkrevde arbeidskravFremmøtepliktKommentar
Øvinger2JaRequiredTo arbeidskrav i form av krigsspel ved hjelp av mjukvaren NEPTUNE
Obligatoriske arbeidskrav:
Obligatorisk arbeidskrav:Øvinger
Antall arbeidskrav:2
Påkrevde arbeidskrav:Ja
Fremmøteplikt:Required
Kommentar:To arbeidskrav i form av krigsspel ved hjelp av mjukvaren NEPTUNE
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelJusterende muntligKommentarHjelpemidler
HjemmeeksamenIndividuell3DagerA-F Not required To krigsspel ved hjelp av mjukvaren NEPTUNE
Vurderinger:
Vurderingsform:Hjemmeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dager
Karakterskala:A-F
Andel:
Justerende muntlig:Not required
Kommentar: To krigsspel ved hjelp av mjukvaren NEPTUNE
Hjelpemidler:
Forfattere: 
Tor Ivar Strømmen