MILM1302 Militær problemløysing og metode

Emnekode: 
MILM1302
Kursnavn på engelsk: 
Military Problem-Solving and Methods
Studieprogram: 
Bachelor i militære studier
Credits: 
15
Studienivå: 
Syklus 1
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk, evt. Engelsk
Emneansvarlig: 
Tommy Krabberød
Knut Meen
Om emnet

Hovudmålsetjinga med emnet er tredelt.  (1) Ein skal skape forståing for korleis ein kjem fram til kunnskap gjennom nyttegjering av vitskaplege metodar; (2)  skape forståing for korleis ein kjem fram til gode avgjersler gjennom militære problemløysingsmetodar; (3) skape forståing for korleis operativ planlegging og leiarskap heng saman.

Vitskaplege metodar, kunnskapsteori og avgjersleteori gir eit grunnlag for kritisk tenking, ei forståing for premissa og rammene for stabsstudiane og dei operative plan- og avgjersleprosessane, samt eit grunnlag for å gå vidare på masterstudiane.

Emnet vil introdusere kadettane til ei rekkje ulike støtte- og arbeidsverktøy i ein sjømilitær kontekst. Dei viktigaste vil vere stabsstudiane, taktisk maritim planlegging,  operasjonsanalyse og samfunnsvitskapleg metode.

Det overordna føremålet er å gjere kadettane betre i stand til å fatte tidsriktige, skjønnsbaserte og gode avgjersler som leiar og som stabsmedlem.

Gjennomgåande vil ein fokusere på kreativitet, omstillingsevne, læring og kloke avgjersler, men også avgjerslefeller, kognitive feilslutningar, opposisjonsfunksjonar og gruppetenking. Som motvekt til heuristisk og intuitive avgjersler, så vil kadettane bli introdusert for analytiske verktøy som statistikk og matematisk metode. Hovudvekta blir lagt på å optimera i deterministiske og stokastiske modellar. Ein får då grunnleggande forståing for ei rekkje ulike verktøy for utvikling av og identifisering av utfordringar i krigskunst og krigsvitskap, balansen mellom desse områda, samt verktøy for å kommunisere dette på ein heilskapleg og god måte.

Emnet skal ha ei stor grad av tverrfagleg tilnærming. Dei ulike fagfelta skal samverke for å maksimalisere gevinsten av undervisinga og for å gi læring innanfor den sjømilitære kontekst. Den viktigaste einskild komponenten i emnet for å fremje ei slik tverrfagleg tilnærming er eit praktisk problemløysingskonsept, EXER NAVAL ARCHIMEDES. I dette delemnet tek ein utgangspunkt i eit sentralt tryggingspolitisk scenario som norsk sjømakt skal handtere, eller bidra til å handtere, analyserer dette, identifiserer gap og utfordringar for så å drive praktisk sjømilitær problemløysing frå identifisering av problem, via faktorvurderingar, oppdragsskildring, innovativ utvikling av løysingsalternativ, til val av løysing, utvikling og testing av konsept inklusive konstruksjon og dokumentasjon.

Kadettane skal også utvide sin kompetanse og sine ferdigheitar i sjømilitær engelsk, presentasjonsteknikk og akademisk skriving.

Samla skal undervisinga og utviklinga av individuell og team orientert leiarskap gi kadetten eit menneskeleg, fagleg og yrkesetisk grunnlag for å utvikle og utøve god sjømilitær leiarskap.

Emnet har tre tema: (1) Vitskapeleg metode, kunnskapsteori og slutningsteori; (2) Militær problemløysing, operativ planlegging og slutningsprosess; (3) Operativt leiarskap og planlegging i praksis.

Emnet er relevant for:

STCW-kode: A-III/1

STCW-funksjon: Kontroll av skipets drift og omsorg for personer ombord på det operative nivået.

Læringsutbytte

    Kunnskap:

    Etter fullført emne kan kadetten

    • forklare sentrale omgrep i vitskaplege metodar, avgjersleteori og praksisteori
    • forklare dei etiske føringane for ein vitskapleg undersøking
    • forklare forskjellen på kvalitative og kvantitative metodar og deira styrker og avgrensingar
    • forklare styrker og svake sider ved intuitiv og analytiske avgjersler
    • forklare rasjonale for og forstå militær plan- og avgjersleprosess
    • grunnleggande gjere greie for prosjekt som arbeidsform inklusive organisering, gjennomføring og rapportering
    • ha gode kunnskapar om analytiske problemløysingsmetodar innan derivasjon, integrasjon, optimering, sannsynsrekning og statistikk
    • grunnleggande gjere greie for psykologiske og sosialpsykologiske mekanismar som avgjersleteori, avgjerslefeller, sosialpsykologiske tilhøve og biologiske faktorar som påverkar menneskeleg framferd og yteevne i militære operasjonar og operative planleggingsprosessar
    • grunnleggande gjere greie for viktigheita av engelsk kommunikasjon i militære operasjoner

    Ferdigheter:

    Etter fullført emne kan kadetten

    • sitere og handtere referansar i samsvar med god akademisk skikk
    • vurdere kvalitet i argumentasjon og kjelder
    • gjennomføre studiet sine skriftlege arbeider på ein strukturert og føremålstenleg måte
    • argumentere stringent og drøfte problemstillingar
    • meistre skriftleg framstilling i akademisk tekst og i militære malar
    • nyttegjere seg av trinna i plan- og avgjersleprosessen
    • presentere, problematisere, vurdere  sjømilitære problemstillingar, så vel munnleg som skriftleg på norsk og engelsk.
    • gjennomføre grunnleggande prosessar for innovasjon i samhøve med løysing av militære problem, samt kunne planlegge og gjennomføre enkle forsvarsprosjekt.
    • nyttegjere seg av sannsynsrekning, statistiske metodar og enkel matematisk modellering som støtte til løysing av praktiske og tekniske militære problem.

    Generell kompetanse:

    Etter fullført emne kan kadetten

    • innhente, analysere og vurdere ulike former for informasjon
    • vurdere kva metodar som eignar seg til å svare på ulike problemstillingar
    • nyttegjere seg av standardiserte prosedyrar, og drøfte tilhøvet mellom teori og praksis i eigen profesjon
    • nyttegjere seg stabsmetodikk som verktøy for å klårgjere problem og treffe avgjersler
    • utveksle synspunkt og erfaringar med andre på norsk og på engelsk og dimed bidra til å utvikle godt leiarskap og gode team
    • formidle teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg på engelsk
    • formulere matematiske modellar og finne løysingar analytisk, numerisk eller ved simuleringar.
    Praktisk organisering og arbeidsformer

    Delemna må sjåast i samanheng og blir dels undervist og utvikla i samanheng. Dei ulike fagfelta/delemna har difor ikkje ein fast prosentsats.

    Kadettane skal trenast i engelsk ved at mange skriftelege arbeider og munnlege presentasjonar i Naval Archimedes og i operasjonsanalyse skal gjerast på engelsk.

    Alle problem ein skal handsame i emnet skal så langt mogleg ta utgangspunkt i operative, teknologiske eller logistikk aspekt ved maritime operasjonar. 

    Arbeidsmåtar

    Emnet skal ha ei stor grad av veksling mellom tradisjonelle undervisingsformar som klasseromundervising, teori, oppgåveløysing, oppgåvegjennomgang og kadettpresentasjonar på den eine sida og ulike praktiske arenaer som laboratorium og dataøvingar med rettleiing, prosjektarbeid i grupper, samt sjølvstudium på den andre sida.

    Det skal fokuserast på arenaer kvar dei einskilde kadettar og kadettlag skal utarbeide presentasjonar og legge fram synspunkt, og ei tilnærming kvar ein arbeidar langsiktig med arbeidskrav. Dette inneber at den einskilde kadett både skal laga eigne arbeider og gje  tilbakemeldingar på dei andre kadettane under kvalifisert rettleiing. Utover dette, så skal sjølvstudium under rettleiing ligge til grunn som felles metodisk tilnærming i emnet, både for lag og individ. Dette betyr mellomanna at lærekreftene i periodar skal fokusere på tilgjenge og tilbakemelding, framfor tradisjonell undervising (føredrag).

    Sensorordning

    Sensur gjennomførast i  samsvar med Forskrift om opptak, studier og eksamen ved Forsvarets høgskule.

    Pensum
    • Douven, I. (2011). "Abduction", The Stanford Encyclopedia of Philosophy (Spring 2011 Edition), Edward N. Zalta (ed.), URL = <http://plato.stanford.edu/archives/spr2011/entries/abduction/>. Del 1. 
    • Eid, J.,Johnsen B-H. & Laberg, C. (2018). 'Introduksjon til operativ psykologi'. I Eid, J. & Johnsen,B-H. (red.)  Operativ psykologi. Bergen: Fagbokforlaget. S.11-30.
    • Forsvarets stabsskole. (2010). Håndbok i stabstjeneste for Forsvaret. Oslo: Forsvarets stabsskole. 
    • Grimen, H. (2008). ‘Profesjon og kunnskap’. I Molander, A & Terum, L.I. (red.). Profesjonsstudier. Oslo: Universitetsforlaget. S.71-86. 
    • Hebditch, D. (2017). ‘Planning, fast and slow: or how to make military planning work for you’. Hentet 12.04.2018 fra https://www.cove.org.au/breakin/paper-planning-fast-and-slow-or-how-to-m... 
    • Høiback, H. (2012). ‘Hva er militærteori’. I Høiback, H. & Ydstebø, P. Krigens vitenskap – en innføring i militærteori. Oslo: Abstrakt forlag. S. 31-77. 
    • Jacobsen, D.I. (2015). Hvordan gjennomføre undersøkelser (3.utgave). Oslo: Cappelen Akademisk. Kap 1-11,16 
    • Johnsen, B-H. (2018). 'Beslutningstaking i operative situasjoner'. I Eid, J. & Johnsen,B-H. (red.)  Operativ psykologi. Bergen: Fagbokforlaget. S.251-267.
    • Kahneman, D. og Klein, G. (2009). Conditions for intuitive expertise: a failure to disagree. American Psychologist, 64(6), ss. 515-526. 
    • Kjeldstadli, K. (1992). Kapittel 2 ‘Hva er historie?’ og kapittel 12 ‘Kildegransking’. I Fortida er ikke hva den en gang var – en innføring i historiefaget. Oslo: Universitetsforlaget. S. 27-43, 161-174. 
    • Krabberød, T. & Jacobsen, J.O. (2018.). 'Military Strategies for Samhandling in Unforeseen Situations - A Historical Perspective'. I Torgersen, G-E. (red). Interaction: 'Samhandling' under risk. Oslo: Gyldendal. S. 467-481.
    • Lavik, T.,  Fjørtoft, K. & Pedersen, J. (2014). ‘Kunnskapens grunnlag’. I Lavik, T.,  Fjørtoft, K. & Pedersen, J., Filosofi for samfunnsvitere. Oslo: Universitetsforlaget. s. 116-156 
    • Meen, K. (Kompendium, under utarbeiding). Operasjonsanalyse for sjøkadetten. Bergen: HOS Grafisk. (ca. 170 sider) 
    • Olsen, O.K., Hystad, S. & Harris, A. (2018). "God under press. En operasjonalisering av moralsk robusthet i krevende operative situasjoner', Necesse, vol 3(1), s. 72-82.
    • Seksjon for sjømilitær teknologi (Kompendium, under utarbeiding). Naval Archimedes. Bergen: HOS Grafisk. (ca. 150 sider) 
    • KNM Tordenskjold (2013). STP-41 Stabshåndbok for Sjøforsvaret: Taktisk maritim planlegging (TAMP). Bergen: HOS Grafisk. (s. 9-65).  
    • Chet Richards: Boyds Real OODA-loop, 2018 www.slightlyeastofnew.com. 39 sider 
    VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelJusterende muntligKommentarHjelpemidler
    ProsjektoppgaveGruppe -A-F2/3Not requiredProsjektoppgåva tel 2/3 av karakteren i emnet. Den skal følgje malen for "Løsningsorientert stabsstudie" i samsvar med Stadshåndbok for Forsvaret pkt 6.2. Alle hjelpemiddel er tillatt
    MappevurderingIndividuell -A-F1/3Not requiredMappaoppgåva består av tre gjennomføringar av Team Based Learning (TBL). Kvar av øktene vil stå oppført på timeplanen. Alle økter må beståast, og karakter på mappa er summen av poeng oppnådd på dei tre gjennomføringane. Ei TBL økt ser slik ut: 20min: Individuell test (multiple choice) 25min: Gruppetest (multiple choice, same spørsmål, gruppa leverer felles svar) Pause 30min: Miniførelesing etter gruppa sine ønskjer, diskusjon 60min: Gruppeoppgåver  15min: Makkerevaluering Ingen hjelpemidler
    Vurderinger:
    Vurderingsform:Prosjektoppgave
    Gruppering:Gruppe
    Varighet:
    Varighetstype:-
    Karakterskala:A-F
    Andel:2/3
    Justerende muntlig:Not required
    Kommentar:Prosjektoppgåva tel 2/3 av karakteren i emnet. Den skal følgje malen for "Løsningsorientert stabsstudie" i samsvar med Stadshåndbok for Forsvaret pkt 6.2.
    Hjelpemidler:Alle hjelpemiddel er tillatt
    Vurderingsform:Mappevurdering
    Gruppering:Individuell
    Varighet:
    Varighetstype:-
    Karakterskala:A-F
    Andel:1/3
    Justerende muntlig:Not required
    Kommentar:Mappaoppgåva består av tre gjennomføringar av Team Based Learning (TBL). Kvar av øktene vil stå oppført på timeplanen. Alle økter må beståast, og karakter på mappa er summen av poeng oppnådd på dei tre gjennomføringane. Ei TBL økt ser slik ut: 20min: Individuell test (multiple choice) 25min: Gruppetest (multiple choice, same spørsmål, gruppa leverer felles svar) Pause 30min: Miniførelesing etter gruppa sine ønskjer, diskusjon 60min: Gruppeoppgåver  15min: Makkerevaluering
    Hjelpemidler: Ingen hjelpemidler
    Forfattere: 
    Knut Meen